Fri meg fra gapestokken

Eg har aldri vert spesielt politisk aktiv. Sette meg inn i saker som ikkje handlar om meg og navlen min? Tenke nøye igjennom fordeler og ulemper, i alle saker, fra alle tenkelige vinklar? Nei, det der ligg ikkje for meg, altså.

Det er ikkje fordi eg ikkje bryr meg om fordelingen av goder og byrder, som vel er det politikken djupast sett handlar om. Men eg har vert fornøgd. Eg har vert stolt av den rettferdige grunnmuren me stort sett har hatt i mi tid. Velferdsstat-konseptet er gode greier. Eg har vert stolt av å bidra til at alle får utdanning, helsetjenester og trygghet. Eg er skilt og full i peng, så eg betalar skatten med glede, som ein eplekjekk sosialist. Det kjem oss alle til gode å fare vel med kvarandre.

Så eg har ikkje involvert meg så mykje i politisk diskusjon. Eg likar ikkje retorikken. Likar ikkje diskusjonane der språket blir brukt for å framstille den eine meiningen som bedre enn den andre.

Men eg begynner å kjenne eit behov. For å rope. Høgt. Og det er fleire høgaktuelle saker å velgje mellom – der eg ikkje lenger er stolt av korleis godene fordeles. Det er snedig at regjeringa gir tydelige signal om at dei anbefalar fleire trygda å bli rike arvingar.. Men det er ofte den vetle dråpen som får begeret til å renne over. Den eine vetle handlingen, som toppar heile den sjølvrealiserande, kvalme og egoistiske tankerekka, og setter oss alle i den ytterst pinlige gapestokken.

For kva i hel…? Fjerne tilskuddet til den kulturelle spaserstokken? Den som kostar oss 30 millioner kroner i året? Altså ca 6 kroner pr innbygger pr år? For at eldre, som ikkje lenger kan spasere uten stokk, skal få eit kulturtilbod?

Eg veit at eg nett skreiv det der med; «eg likar ikkje at språket blir brukt for å framstille den eine meiningen som bedre enn den andre». Men eg kan ikkje dy meg; I D I O T A R ! Eg vil overhodet ikkje ha noko med dette pinlige statsbudsjettet å gjere. Om dere ikkje frir meg fra gapestokken, melder eg flytting til Khunde i Nepal. Der gir alle pengane sine til mor si, som så i lag med dei andre mødrene, bestemmer fordelingen av pengane til landsbyens felles beste.  På tide å innføre samme modell i Noreg?

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Morsomt om du legg att ei strofe ;-)