(Scenehenvisning: Lufta dirrar. Forfattaren tenker seg om. I
fem sekund – som vanleg. Og bestemmer seg for å re-åpne bloggen. Dele nokon
tankar med www igjen – til spott og spe og allmenn forlystelse. Ho trur
fortsatt på eit liv før døden. Eit revolverintervju med world wide web blir
startskuddet.)
WWW: Lenge sidan sist, Gangsøy. Eg har gløymt kven du er?
Gangsøy: Takk for sist, Internett. Eg er fortsatt berre
eit speil av dei menneska eg omgåes.
WWW: Det var da ein irriterande filosofisk floskel, men
greit. Korleis er menneska du omgåes da?
Gangsøy: Dei er fine folk, positive og handlekraftige. Med indre styrke
og mykje mot. Inspirerande!
WWW: Javel? Så du møter ingen som er sure, vrange og
tverre?
Gangsøy: Jo. Men dei reflekterar vel berre omgjevnadane
sine dei også. Så da handlar det vel om å prøve å behandle dei fint.
WWW: Og det klarer du?
Gangsøy: Nei, ikkje alltid. Eg gjer mange feil, og ofte den
samme feilen fleire gangar. Men heldigvis får eg nye sjansar kvar dag.
WWW: Kva skal du bruke bloggen din til?
Gangsøy: Det samme som før, antageligvis. Begå sosiale
sjølvmord, forhåpentligvis til glede for lesaren. Dele mine tankar. Fordi da må
eg tenke meg om. All erfaring viser at det er lurt, i mitt tilfelle.
WWW: Har lesarane dine gått glipp av nokon generaltabbar
dei siste 2,5 åra, da?
Gangsøy: Definitivt. Eg har pussa opp ein kåk, der det
meste er skeivt. Og mitt skeive homofile liv har gått på ein schmell eller tre.
Så det har vert nok soger ein kunne slått seg på låret og ledd høgt av.
WWW: Du er blitt livserfaren etterkvart, da. Har du nokon
livsråd å dele?
Gangsøy: Nei, det skulle tatt seg ut at eg kom med.
WWW: Hmm..dette vart ikkje akkurat ein saftig og
tiltrekkande innsalgsappell..?
Gangsøy: Flott! Da ligger lista tilstrekkelig lågt til at
eg kan begynne å skrible igjen.
WWW: Sukk. Jaja, du får berre kjøyre på,
Gangsøy. Internettet har vel plass til deg også, innimellom alle dei rare,
fæle, vakre og snodige andre sidene her inne. Lykke til!
Fint at du e tilbake her og, min venn :-) Glede meg til dine herlige betraktningar!
SvarSlettTante Anna ;-)
jeg var fast leser av bloggen din før du "sa opp" - heldigvis spratt jeg innom i dag og så at du har blåst liv i den igjen - jeg gleder meg til å følge dine betraktninger, for ja, du har noe å bidra med!!
SvarSlett